Opplev Stad

Den vestlegaste fjellklippa i Noreg

496 meter over Stadhavet, ytterst på Stadlandet, ligg ei sjeldan oppleving og ventar på deg.

 

Aktivitet

På Vestkapp kan du nyte eit godt måltid og ei spektakulær utsikt. Dersom du ynskjer å være i bevegelse, kan du ta turen opp til fots eller berre vandre over platået. Stadlandet har også eit rikt utval av andre aktivitetar du kan ta del i når du først legg turen til Vestkapp.

Skjermbilde 2021-05-27 kl. 12.39.58.png

Natur

Vestkapp byr på eit særeige naturlandskap og unik beliggenhet. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i det stormfulle Stadhavet. På godversdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til havet, Sunnmørsalpane, Hornelen og Ålfotbreen.

Skjermbilde 2021-05-10 kl. 21.40.24.png

Historie

Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta for sine straumar og raskt skiftande ver.
Mange skip har enda ferda si i desse farvatna, som omtalast som eit av dei mest verharde områda i Noreg. Området har med andre ord ei
stormfull historie.