Besøksinfo

Vestkappvegen 3535
6750 Stadlandet
Norge

Opningstider Vestkapp Restaurant
Vi opnar Vestkapp restaurant kvar påske og held opent heile sommarhalvåret. Oppdaterte opningstider finn du nederst til venstre på denne sida.

Hugs å reservere bord på førehand dersom du ynskjer å sikre deg plass i restauranten.
Vi tek ikkje imot reservasjonar etter 19:00, men har du bord er du hjarteleg velkommen til å sitte utover kvelden.

I sommarsesongen er det også mogleg å kjøpe is, brus og anna snacks i vår nyåpna matvogn utandørs utan å reserverebord på førehand på godversdagar.

Stadbussen

Dersom du er i området og ikkje kjem til fots eller med bil, kan vi anbefale Stadbussen. Stadbussen tilbyr daglege ruter til og frå Hoddevik, Vestkapp og Leikanger. Bestill billett på Stadbussen.no.

Velkommen opp!

 
 

Reise til Vestkapp

 
symbols-besøk-20.png

Med bil

Biltransport er den enklaste måten å komme seg til Vestkapp. Ver merksam på smale veier, spesielt fra hovudvegen og opp til fjellklippa. Ta hensyn til møtande trafikk. Det er og mogleg å parkere ved hovudvegen og gå opp.

symbols-besøk-21.png

Med buss

NOR-WAY Bussekspress har bussruter som går frå heile Sør-Noreg til Nordfjoreid. Herfrå vil busselskapet Kringom kunne frakte deg til Selje på Stadlandet. Stadbussen.no på Stad kan kontaktast for vidare transport.

symbols-besøk-23.png

Med båt

Dersom du kjem med eigen båt, finn du gjestehamn både på Leikanger og i Selje. Du kan dessutan ta ekspressbåt fra Bergen til Selje med Norled. Stadbussen.no på Stad kan kontaktast for vidare transport.

symbols-besøk-22.png

Med fly

Den næraste flyplassen er Anda ved Sandane i Sunnfjord. Køyretid fra Anda til Vestkapp er ca 1 t 40 min. Eit anna alternativ er Hovden ved Ørsta og Volda i Møre & Romsdal. Køyretid frå Hovden til Vestkapp er på omlag 2 t 25 min.