på kanten av verda

PÅ KANTEN AV VERDA

Frå mai 2024 kan du igjen overnatte på Vestkapp

Soloppgang og solnedgang

Hytte 1 : Solnedgang. Er plassert over parkeringa, med utsikt mot stadhavet og solnedgangen.

Hytte 2: Soloppgang. Er plassert over uteserveringa, med utsikt mot Ervik og Stad havet.

Begge hyttene står med fronten “på kanten” og er over bakkenivå, så det er ikkje direkte innsyn i hyttene. Begge hyttene er heilt like innvendig.

Kjøkenkrok

Hytta har ein liten kjøkenkrok med to gassbluss, ein vask og ein kjølebag. Alt av kjørel, glas og kasseroller er inkludert.

Her kan du ordne med mat sjølv, eller bestille frå restauranten.

Sengeplasser

Ei komfortabel dobbelseng med plass til to personer. Her er og ei hengekøye som er mogleg å henge opp i takbjelkane. Sengtøy og handkle er inkludert.

Toalett

I tradisjonsrik hyttestil høyrer det sjølvsagt med ein utedo. Det er eit cinderella forbrenningstoalett, som kun er for hyttegjestar.