Natur

foto: Ruben Soltvedt / Visitt Nordfjord

foto: Ruben Soltvedt / Visit Nordfjord

 

Våre omgivelser

Vestkapp byr på eit særeige naturlandskap og unik beliggenhet. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i det stormfulle Stadhavet.

På godversdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til havet, Sunnmørsalpane, Hornelen og Ålfotbreen. Kvite sanstrender, grasletter og djupe dalar omkransar platået

HAV

Stadhavet er eit av dei mest verharde havstykka i Noreg. Bølgjer og kryssande sjø gjev vanskelege tilhøve for skipsfarten, og veret kan skifte raskt. For å sikre tryggleiken til skipsfarten og tilrettelggje for meir forutsigbar og berekraftig transport langs kysten av Noreg, har det blitt beslutta å byggje verdas første skipstunnel innerst på Stadlandet.

LANDSKAP

Vestkapp ligg på Noregs vestlegaste fjellplatå, og fjella på Stadlandet er ein del av eit kulturlandskap med nasjonal verdi. I motsetning til store deler av kysten av Noreg, sklei isbreane over Stadtlandet utan å skrape overflata under forrige istid. Dette ga ein særprega landskapsformasjon i norsk samanheng. Området byr på uttallege inntrykksrike turar langs havklipper, kvite strender og frittliggjande fjell.

2019-04-instagram-CMON-119.jpg
nipakleiva-3742.jpg
storsurf_ervik-2175.jpg