
På eit fjellplatå over Stadhavet, ligg eit
av dei mest spektakulære utsiktpunkta
langs kysten vår.
Vestkapp Kafé
Vestkapp er kjend som det vestlegaste fjellplatået i Noreg,
og ruvar 497 meter over det berykta Stadhavet.
Her finn du og Vestkapp Kafè, med store vindauge slik at du kan nyte eit lite eller stort måltid saman med enten ei spektakulær utsikt eller full storm på Stad.
Kafèen er open mellom kl 11:00 og 20:00 frå juni til oktober.
Det er ikkje nødvendig å reservere bord, men om de er ei større gruppe anbefalar vi å reservere på førehand på:
Eller ring +47 412 97 724
Velkommen til Vestkapp!

Opplevingar
Mat
På Vestkapp tek kokkane stoltheit
i heimelaga mat heilt frå grunnen av. Dei nyttar norske og helst lokale råvarer. Menyen vert skifta ut månadleg, og tek utgangspunkt i gamle tradisjonar, men har ein moderne vri og spennande smakar.
Natur
Vestkapp byr på eit særeige kulturlandskap og unik beliggenhet. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i det stormfulle Stadhavet. På godversdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til havet, til Sunnmørsalpane, Hornelen, og Ålfotbreen.
Historie
Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta
for sine straumar og raskt skiftande ver.
Mange skip har enda ferda si i desse farvatna, som omtalast som eit av dei mest vêrharde områda i Noreg. Området har med andre ord
ei stormfull historie.
Opplev Stad
Kva skjer
Mai 2025
Sesongstart
Vestkapp restaurant opnar att i mai 2025
Vegen på vinterstid
Tilkomst
Vegen opp til Vestkapp platået vert stengt med bom når snøen kjem, og opnar opp igjen når vèret tillet det.
Live webcam
Stadlandet er kjend for sitt verharde klima. Vi anbefaler derfor at du sjekkar vermeldinga før du tek turen opp til oss og tilpassar turen etter ver og vind. Lokalavisa Fjordnes Tidene har dessutan montert eit live kamera på Vestkapp. Her kan du sjå verforholda akkurat no.
Restauranten held stengd ved vind over 25 meter i sekundet.