Vertskap
Vertskap
På Vestkapp Restaurant tek kokkane stoltheit i heimelaga mat heilt frå grunnen av. Dei nyttar norske og helst lokale råvarer. Menyen tek utgangspunkt i gamle tradisjonar, men har ein moderne vri og spanande smakar.
Kristina er dagleg leiar på restauranten. Ho er oppvaksen i Selje og har dreve restauranten på Vestkapp sidan 2018, etter å ha opparbeid seg lang og brei resturanterfaring frå ulike stadar på Vestlandet. Kristina brenn for å skape møteplassar med gode smakar av topp kvalitet for både lokalbefolkning og tilreisande.
Med seg på laget har ho kjøkkensjef Tone. Det er ingenting Tone trivst meir med enn å servere gode retter til fornøgde gjestar med Stadhavet som bakteppe. Med lokalt vertskap i restauranten, sikrar ho ikkje berre kvalitetsrik mat og drikke, men også ei autentisk atmosfære til dei som kjem innom.
Kristina og Tone gler seg kvar vår til at verforholda skal tillete dei å åpne restauranten for besøkande. Saman håper dei, og resten av vertskapet på Vestkapp, at du får ein mat- og naturopplevelse lengst vestliggjande fjellklippa i Noreg som du seint vil gløyme. Velkommen!