Råvarer

 

Lokal mat

Menyen på Vestkapp Restaurant blir endra månadleg, men den inneheld alltid norske, og helst lokale, råvarer.

Vestkapp ligg ytterst i havgapet og tilgangen til sjømat er aldri langt unna. Samstundes er det ei rekkje gardsbruk på Stadlandet og kring oss som foredlar og sel også landbaserte råvarer. Under finn du eit lite utval av våre leverandørar.

STAD KYSTMAT

Stad Kystmat har base på Sandvik Gard på Stadhalvøya. Dei samlar inn mat frå både sjø og land. Garden har vore ein del av den lokalhistoria sida 1300 tallet og vart nevnd så tidleg som 1306 i den gamle jordboka for Bjørgvin bispedømme. Meir om Stad Kystmat.

BARE BÆR

Å dyrke bær på ein av dei mest verharde stadane i Noreg er ikkje det enklaste i verda. Men hos Bare Bær får vi dei beste bæra frå kilometervis av bærbusker ytterts på Stadlandet. Meir om Bare Bær.

ERVIK HAVFISKE

Ervik Havfiske driv hovudsakleg linefiske av brosme, torsk, hyse, lange og steinbit. Linefiske er ein miljøvennleg måte å drive fiske på, selektiv med omsyn til art og størrelse. Meir om Ervik Havfiske.

STAVE

I moderne lokale på Stadlandet held den tradisjonsrike familiebedrifta Per Stave AS til. Dei har sidan 1974 produsert lutefisk og tørrfisk for sal, og har også eige fiskemottak. Meir om Stave.

Skjermbilde 2021-09-09 kl. 16.32.58.png
Skjermbilde 2021-09-09 kl. 16.33.05.png