Historie

GFP_7952.jpg

 

Ei stormfull historie

Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta for sine straumar og raskt skiftande ver. Mange skip har enda ferda si i desse farvatna, som omtalast som eit av dei mest verharde områda i Noreg. På dei få kilometerane frå Sildegapet i sør til Ervik i nord er det lokalisert heile 58 skipsvrak. Området har med andre ord ei stormfull historie.

Vestkapp ligg på fjellplatået som også er kalla Kjerringa. Kjerringa uttalas “kjæringa” ytterst i Nordfjord og er i stor grad i slektskap med ordet Kjæreste. På denne klippa har kvinner stått gjennom tidene og speida etter mennene sine som var ute på fiske. Det kjæraste dei hadde og som dei venta på skulle komme heim.

Med si stormfulle historie, har mennesker i århundrer vegra seg for å krysse Stadhavet i dårleg ver. Aust for Vestkapp finn du Dragseidet. Navnet kjem av at vikingane brukte å drage båtane mellom Leikanger på nordsida og Drage på sørsida. Dette var den enklaste og kortaste veien over halvøya for å unngå det vanskelege havstykket utanfor. Heilag Olav brukte også denne vegen over Dragseidet under si kristningsferd langs kysten.

Dei neste åra vert verdas første skipstunnel bygd innerst på Stadhalvøya. Tunnellen skal stå ferdig i 2025/26. Dette vert byrjinga på ei ny historie for skipsfarten og båttrafkken langs denne farefulle delen av Noregskysten.

2019-seljakloster-31.jpg
2019-webpage-lookbook-10.jpg
lifegruppe_dalskarhornet-3098.jpg